Samtidig samisk arkitektur
Hva er samisk arkitektur? Lavvoformen går igjen på de fleste offentlige bygg oppført i Sápmi de siste tiårene. Men finnes det en samisk samtidsarkitektur som ikke tar utgangspunkt i tradisjonelle formelementer?
I denne artikkelen tar Sunniva Skålnes for seg to sider av samisk samtidsarkitektur: de offentlige byggene og den mer anonyme boligbebyggelsen. I de samiske boformene slik de kommer til uttrykk i tettstedene i Sápmi finner vi en annen livsform enn det vi er vant til i forstandbebyggelsen sørpå; en sosial snarere enn en fysisk arkitektur.
Biletet av det bygde landskapet i samiske område er prega av to ulike førestellingar. Den eine førestellinga handlar om ein markert og særprega arkitektur som klårt skil seg ut frå norske bygg. Det er torvgammar og lavvoar, små, tømra stabbur og lette, smidige trekonstruksjonar. Og det er ulike nytolkingar av gammen eller andre tradisjonelle byggverk, som kulturhuset i Kautokeino, Sametingsbygget i Karasjok, eller det lulesamiske kultursenteret i Tysfjord i Nordland. Den andre førestellinga om det bygde landskapet i Sápmi1 handlar ikkje om særpreg, men om einsarta arkitektur. Nyare bustadhus utgjer storparten av bygningsmassen også i dei samiske bygdene, og gjer at dei til forveksling liknar dei fleste andre busetnader i nord. Det er gjenreisingsarkitektur frå den tidlege etterkrigstida, det er byggefelt og ulike variantar av ferdighus frå 1970-talet og framover, og det er arkitektur som ved første augnekast manglar lokale, samiske særtrekk.
Begge bileta er sanne, og begge er ufullstendige og unyanserte. Samla gjev dei likevel ei forståing av det samtidige bygde landskapet i samiske område. Bustadene fortel lågmælt om tilpassing til samisk kultur og livsform, medan den meir symbolsterke monumentalarkitekturen kommuniserer den samiske kulturen utover på ein høglydt måte.
Denne artikkelen diskuterer både særpreg og fellestrekk i arkitekturen og søkjer etter bakgrunnen for framveksten av dei to ulike typane arkitektur. To viktige spørsmål her er kvifor det er monumentalarkitekturen som først og fremst blir sett på som samiske bygningsformer, og om det kan påvisast kulturelle særtrekk i dei samtidige samiske bustadene.
Ferdighus og symbolbygg
Det samiske busetnadsområdet strekkjer seg frå Femunden i sør til Varanger i nord, frå Finnmarkskysten i vest til Nord-Finland og Kolahalvøya i Russland i aust. I dette området bur mellom 60 000 og 100 000 samar, talet skifter etter kva teljemåte som blir brukt.2
Med unntak av enkelte bygder i Indre Finnmark er samane i mindretal blant dei ulike nasjonale majoritetane i heile Sápmi. Sápmi byr på ulike vilkår for å byggja og bu, frå det tørre, kalde innlandet i nord til våte og milde kystområde lenger sør. Materialtilgang, byggeskikk og behov har vore ulike. Majoritetsfolka sin byggeskikk i desse områda har også vore, og er, ulik. Slik har dei samiske gruppene, som har levd svært lenge i nær kontakt med majoritetsfolka, blitt påverka på forskjellig vis. Eitt er likevel felles i Sápmi: Dette er rurale strøk. Her er det spreidd busetnad og små bygder og grender.
Sápmi har vidare det til felles at det meste av bygg er av ny dato. Særleg i nord, der brenninga under siste verdskrigen øydela alt av bygg, er dette merkbart. Det bygde landskapet er her prega av funksjonalistisk etterkrigsarkitektur og av sterk vekst frå 1970-talet og utover.
Den tidlegare norske assimileringspolitikken i Sápmi vart gradvis lagd om i etterkrigstida, men dette omfatta ikkje den fysiske planlegginga. Sentralisering av busetnaden frå 1960-talet og utover, tettstadsutvikling og innføring av nye hustypar vart av mange opplevd som fjerning av tradisjonelle samiske buformer og innføring av moderne, norsk levesett. Lokale særtrekk i bustaden vart avløyste av einsarta hus og byggefelt forma etter nye, nasjonale standardar.
Inniblant dei nye, einsformige bustadhusa finst det eitt og anna nyare bygg som skil seg ut, i storleik, i plassering og i formspråk. Det er gjerne bygg for dei nye samiske institusjonane som har blitt oppretta dei siste 30–40 åra. Gjennom eit nytt formspråk signaliserer denne arkitekturen tilknyting til lokal kultur og landskap. I motsetnad til bustaden blir desse bygga ofte omtala som samiske.
«Biletet av den samiske livsforma, og dermed samisk arkitektur, har ofte blitt knytt til ein avgrensa del av det som utgjer samisk kultur.»
Biletet av den samiske livsforma, og dermed samisk arkitektur, har ofte blitt knytt til ein avgrensa del av det som utgjer samisk kultur. Den nomadiske reindrifta i nord, med sine særprega buformer, som lavvoen og gammen, har blitt ståande som representant for det samiske. Dette biletet av samisk arkitektur har blitt formidla igjen og igjen, av fotografar, folkelivsgranskarar, prestar og reisande. I dag skjer denne formidlinga gjennom media, reiseliv, reklame, film og barnebøker.
Arkitektar har også gjort sitt for å forsterka dette biletet. Presentasjonen av samtidig samisk arkitektur har, mest utan unntak, dreia seg om den «store» arkitekturen og om særprega bygningsformer som samsvarar med det biletet som allereie er skapt av samisk arkitektur.
Den vernakulære bustadarkitekturen utgjer storparten av det bygde landskapet, men har fått lite merksemd i høve til dei langt færre institusjonsbygga. Som arkitektur generelt er desse masseframstilte bustadene av mange fagfolk sett på som uinteressante. Som samisk arkitektur blir den dobbelt uinteressant, fordi den i tillegg bryt med dei etablerte kodane for samisk arkitektur. Den låge statusen den rurale buforma generelt har fått dei siste tiåra, forsterkar dette biletet.
Regulerte felt og nye bustadhus
Dei aller fleste av bustadhusa i samiske strøk er relativt nye. I Kautokeino kommune er for eksempel meir enn 90 prosent av bustadhusa bygde etter 1960.3 Ofte er det eit ferdighus frå ein av dei landsdekkande norske husleverandørane, eller, slik det også er i nord, det er svenske og finske hustypar.
I formspråk har desse bygga mange fellestrekk, men dei er likevel ikkje tilpassa kvarandre. Plassering i terrenget, detaljering og fargebruk signaliserer individualisme, sjeldan innordning i ein heilskap. Langstrekte hus med høge sokkelmurar står side ved side med loftsbygg med arker. Takformer og møneretningar varierer. Saltak, valmtak og store verandaer slåst om merksemda. Fargebruken er ofte frisk og kontrastfylt. Innhaldsrike tomter med fleire små uthus, garasje og andre innretningar forsterkar inntrykket av ein frodig, levande og kaotisk bustad.
Eit lokalt utvikla busetnadsmønster
Verkeområdet for plan- og bygningslova vart på midten av 1960-talet utvida til også å gjelda rurale strøk. I samiske bygder i nord førte dette til eit endra utbyggingsmønster, med satsing på større bustadfelt i bygder som vart definerte som sentra i kommunane.4 Dette har, saman med sentralisering, vekst i folketalet og velferdsauke, endra mange samiske bygder frå å vera små og klårt definerte kyrkjestader og marknadsplassar til å bli store, utflytande kommunesentra. Veglause grender i utkantane er i dag blitt tømde for fast busetnad. Folket er samla i bustadfelt sentralt i kommunane. Heimen ligg ikkje lenger på eit småbruk eller ein vinterbustad på vidda, omgjeven av slekt og kjensfolk, men er å finna på ei avgrensa, lita tomt i bygda. Lokaliseringa av bustaden er ofte bestemt ut frå kommunen sitt tilbod av byggeklare tomter. Naboane er eit tilfeldig utval av folk som òg har hatt bruk for eit nytt hus. Slik blir den samtidige arealdisponeringa ofte tolka. Men dette biletet gjev ikkje heile sanninga.
På trass av store endringar i bustaden dei siste 30–40 åra, har nokre sentrale trekk blitt ståande. Lokalisering av tomta og val av naboskap er eit slikt trekk. Mine eigne undersøkingar viser at dette ofte er det viktigaste valet i planleggings- og byggeprosessen.5 Folk vel ikkje ei tilfeldig tomt, men legg vekt på å føra vidare det som mange tomtesøkjarar i Kautokeino kallar siida-tradisjon.6 Det betyr å busetja seg i tilknyting til nære slektningar eller andre ein deler eit arbeidsfellesskap med.
I den samiske kommunen Kautokeino pregar dette mønsteret også dei regulerte bustadfelta i sentrum. Rundt rekna ein tredjepart av dei som bur i sentrum, bur ikkje på tilfeldige tomter, men i tette familiegrupper.7
Eit liknande mønster finn me igjen i dei samiske busetnadene i Tysfjord kommune i Nordland. Her er slektsgruppene først og fremst å finna i bygder og grender der bustadbygginga ikkje har skjedd etter kommunale reguleringsplanar, men som følgje av mindre detaljert arealplanlegging på privat grunn. Felles for begge desse plassane er at denne lokale tilpassinga ikkje utan vidare er råd å lesa i det fysiske landskapet for det framande auga; detaljkunnskap om slektskapstilhøve trengs for å spora dette mønsteret.
Det slektsbaserte busetnadsmønster har utvikla seg dels i tråd med vedtekne arealplanar, dels som følgje av dispensasjonar og endringar frå, altså i strid med dei same planane. Den sterke stillinga dette mønsteret har lokalt, har også ført til endring av den kommunale planpraksisen. Planleggingshistoria i Kautokeino er eit klårt eksempel i så måte. Reguleringsplanane frå 1970-talet og tidleg på 1980-talet viser liten variasjon i tomtetilbodet, medan det på 1990-talet og utover i større grad vart lagt til rette for ulike typar tomter. Lokale ynskje, både frå aktive reindriftsutøvarar, frå mindre næringsdrivande og frå slektsgrupper vart innarbeidde i arealplanane. I Tysfjord kommune var slike tilpassingar i første rekkje gjort muleg gjennom privat styring av tomtepolitikken og med ei gunstig kommunal tilrettelegging av grunnlagsinvesteringar.
Bruk og tilpassing
«Ferdighus er ikkje samiske hus, ferdighus er utan lokale eller etniske særtrekk.» Slike utsegner er vanlege å møta i diskusjonen om den samtidige bustaden i samiske strøk. På eitt vis stemmer det, ferdighuset bryt med forventningane våre om eit samisk formspråk. Men ved å utvida omgrepet bustad til også å omfatta både det nære og fjerne uterommet, og ved å fokusera på bruk og endringar av bustaden, vil lokale særtrekk bli lettare å finna.
I Kautokeino, som er eit samfunn med stort innslag av reindrift og utmarksbruk, men også ei veksande yrkesgruppe innan kultur, undervisning, forsking og ulike sørvisnæringar, kan tre ulike tomte- og bustadtypar sporast (Skålnes 2003): Arbeidsbustaden og rekreasjonsbustaden dannar ytterpunkta, medan ein kombinasjon av desse to bustadformene er den mest utbreidde. Arbeidsbustaden er både ein buplass og ein viktig arbeidsplass. Dette pregar huset, men først og fremst uterommet.
Rekreasjonsbustaden er huset som liknar mest på mønsterbustaden i offentlege planforskrifter og rettleiingar. Huset er då først og fremst ein stad der folk kviler og deltek i privat samvære. Arbeidsplassen ligg ein annan stad. Den bustadtypen finst også i Kautokeino og i andre samiske strøk. Her er uterommet prydhage og plen. Verandaen er ikkje lenger ein lager- og tørkeplass for kler, skinn og kjøt, men er utvida og har fått plass til sitjegrupper og gassgrill. Den sosiale møteplassen er flytta frå bålet på vidda til den store verandaen heime ved bustaden.
Dei mange bustadene med spor både av arbeid og av rekreasjon, viser likevel at i Kautokeino er storparten av bustadene farga av den tradisjonelle buforma. Folk driv aktiv hausting frå vidde og vatn, anten ein høyrer til i reindrifta eller er funksjonær i ein offentleg etat.
«Bustadhuset er berre ein liten del av bustaden. Tuna er fylte med lavvo og mange små stabbur, det er tørkestativ for kjøt på uthustaka, reinskinn på veggene og høge vedrøyser.»
Bustadhuset er berre ein liten del av bustaden. Tuna er fylte med lavvo og mange små stabbur, det er tørkestativ for kjøt på uthustaka, reinskinn på veggene og høge vedrøyser. Og det er store parkeringsplassar med bilar, skuterar, terrengsyklar og tilhengjarar, det er reparasjon av kjøretøy, det er vedhogging og hekling av sennagras. Her og der er beitehagar med kjørerein, andre stader er det svake kalvar som må fôrast ekstra. Det er aldri det same rommet frå gong til gong. Slik årstidene, arbeidsoppgåvene og folk sine behov skifter, slik skifter også bustaden utsjånad.
I Kautokeino har den mest utbreidde bustadtomta lenge vore på rundt éin dekar, medan reindriftsutøvarar eller andre næringsdrivande har kunna fått tomter opptil to–tre dekar. Uterommet med plass for lagring og for ulike typar arbeidsoppgåver, opphald og sosial samhandling er viktige delar av det som til saman utgjer eit omfattande og mangfaldig bruksrom.
Symbolbygg i sápmi
Monumentalarkitektur kan definerast som fellesskapsbygg med eit symbolsk innhald (Haugdal 2007). I storparten av det samiske busetnadsområdet er det få samiske monumentalbygg å finna. Kautokeino og Karasjok skil seg ut i så måte, i lag med enkelte andre bygder der den samiske folkesetnaden utgjer fleirtalet.
Men sjølv om større institusjonsbygg ikkje dominerer i tal, har denne arkitekturen ofte fått meir fagleg merksemd enn det den samtidige bustadarkitekturen har fått.
Den eldste monumentalarkitekturen i Sápmi er knytte til storsamfunnet si nasjons- og institusjonsbygging. Det er offentlege administrasjonsbygg, skulehus, internat og helsesenter, bygg som helst er å finna i kommunesentra. Det vesle innslaget av større samiske institusjonsbygg heng saman med samefolket si stilling som ein lågstatus-minoritet, som lenge var utan eigne institusjonar. Samepolitikken frå 1970-talet og utover representerte eit brot med fornorskingstanken, og førte til etablering av samiske institusjonar. Nye institusjonar trong nye bygg, både for å romma funksjonane som vart oppretta, og for å signalisera den nye politikken. Desse bygga, og andre offentlege og allmennyttige bygg som vart reiste i dei følgjande åra, er gjerne fysiske manifestasjonar av flytting av makt frå sentrale, norske organ til samiske hender. Bygga skil seg ut i landskapet, både i storleik, form og plassering, og framstår slik som landemerke som signaliserer samiske busetnadsområde.
Lavvo og gamme som mønster
Eit lite repertoar av former vart tidleg teke i bruk då samiske fellesskapsbygg skulle formast. Av desse vart lavvoen og gammen dei mest brukte. I tillegg vart bruk av naturmateriale og primærfargar sett på som samisk, både lokalt og frå storsamfunnet. Mest utan unntak var det norske arkitektar som forma den nye arkitekturen.
Den nye kyrkja i Karasjok og fjellstova i sentrum av Kautokeino er tidlege eksempel på samiske symbolbygg. Kyrkja i Karasjok vart bygd i 1974.8 Bygget er oppført i tre med formtrekk som speglar gammen og teltet, utan å direkte sitera desse formene. Fjellstova i Kautokeino framstår tydlegare som ein nyare slektning av gammen. Anlegget, teikna av arkitektkontoret Nils Henrik Eggen i Trondheim, består av tre bygg med markerte, pyramideforma tak. Bygga skil seg sterkt frå andre fjellstover i Finnmark, som alle er ulike variantar av saltaksbygg (Skålnes 2004). Anlegget markerer ei endring av idealet om tilpassing og underordning av det nasjonale arkitekturuttrykket. Idealet er ikkje lenger norsk folkearkitektur eller funksjonalistisk stil. Her er derimot ei kjend form frå samisk bygningstradisjon henta fram som mønster for nybygga.
I dei følgjande tiåra vart ei rekkje større fellesskapsbygg oppførte i eit liknande formspråk, til dømes kulturhuset i Kautokeino, frå tidleg 1980-tal. Hovudforma kan minna om det samiske spissteltet, lavvoen, omkransa av lågare rom og med eit lukka gardsrom som leier inn til hovudinngangen.
Sentralt i Kautokeino ligg også eit større bygg som i utgangspunktet var planlagt som produksjons- og salslokale for handverksorganisasjonen Sámi Duodji, i tillegg til kontor og kafé. Også i dette bygget, teikna av arkitekt Kjell Borgen, har lavvoen vore til inspirasjon. Interessant her er det å sjå utviklinga frå skisseprosjektet til det ferdige bygget, som tydeleg viser korleis gammeforma er blitt abstrahert og oppbroten frå idé til det ferdige prosjektet.
Gammen eller lavvoen som mønster pregar fleire andre institusjonsbygg i det samiske busetnadsområdet. Kultursenteret Árran i Tysfjord markerer seg klårt mellom byggefelt og bedehus som eit symboltungt, samisk bygg. Den nye barnehagen i Kåfjord i Troms, bygt i tre, torv og runde former, sender òg ut sterke signal.
Lista over moderne symbolbygg i Sápmi er etter kvart lang. Det mest kjende, og det som i første rekkje symboliserer det samiske samfunnet, er likevel hovudsetet for Sametinget i Karasjok. Bygget, teikna av arkitekt Stein Halvorsen, vart reist i 2000. Inspirasjon er frå samiske bygningsformer som gammen, men først og fremst, understrekar arkitekten, innhegningar på vidda. Også her er samspelet mellom bygg og landskap framheva.
Bygg for ulike offentlege institusjonar har vore eit viktig område for å markera den nye statusen samisk kultur har. Eit anna markeringsområde er bygg innan turistnæringa, som på ulike måtar marknadsfører og «sel» samisk kultur. Samelandssenteret i Karasjok, turistanlegg i Alta, i Kautokeino, i Máze og andre bygder, både på norsk, svensk og finsk side av grensa, har brukt lavvoen eller andre kjende samiske formelement. Lavvoforma er blitt eit signal som på tydeleg vis fortel vegfarande kor dei er.
«Bruk av lavvoforma i utstrekt grad har også ført til at forma har blitt tømd for eit funksjonelt innhald og blitt ståande igjen som rein dekorasjon.»
Det sterke symbolinnhaldet i lavvoforma har også ført til overbruk, og til at dette formelementet til dels er blitt brukt på ein for lite gjennomarbeidd måte. Kultursenteret Árran på Drag er eit eksempel på eit bygg der lavvoforma er kopiert og forstørra og er tydeleg til stades i den ytre forma, men vanskeleg å finna igjen i interiøret. Både dei funksjonelle krava eit større kontorbygg stiller, og lokaliseringa i eit sjøsamisk område gjer det naturleg å forventa bruk av andre formelement som symbol for den samiske tilknytinga.
Bruk av lavvoforma i utstrekt grad har også ført til at forma har blitt tømd for eit funksjonelt innhald og blitt ståande igjen som rein dekorasjon, slik me ser til dømes i nyare turistanlegg som kafeen i Máze.
Vidare utvikling
I den aller nyaste samiske monumentalarkitekturen er inspirasjonen frå tradisjonelle former framleis til stades. Mønsteret er no likevel henta frå eit breiare spekter. Det er ikkje lenger berre snakk om å sitera formelement frå tradisjonelle bustadtypar, vekta blir i sterkare grad lagt på material- og fargebruk, på romoppleving og på samspelet mellom bygget og landskapet. I tillegg har den nye monumentalarkitekturen henta inspirasjon frå andre konstruktive element enn bustaden. Sametingsbygget er eit eksempel på et nytt arkitektonisk uttrykk. Her er delar av bygningskomplekset inspirert av dei lette gjerdekonstruksjonane som er å finna i beitehagane og dei transportable reinkveene på vidda. Også naturformasjonar og -fenomen kan gje form til arkitekturen, slik som i bygget for Indre Finnmark tingrett i Tana9, ferdigstilt i 2004. Her er dette uttrykt ved bruk av fargar og formelement frå nordlyset som utgangspunkt for bygningsforma.
Arkitektur og markering av eigen kultur
Val av fokus, vernakulære eller monumentale bygg, blir avgjerande for biletet av det bygde Sápmi, Men like så avgjerande er val av teoretisk perspektiv. Det eksisterer ein lang tradisjon i å tolka arkitektur som eit produkt som kan bedømmast ut frå estetiske kriteria (Werne 1987). I den nyleg utkomne boka Arkitektur i Nord-Noreg (2007) tek Elin Haugdal eit slikt perspektiv når ho diskuterer den nye monumentaliteten i nord. Kulturbygget i Kautokeino og Sametingsbygget i Karasjok er to av bygga ho drøftar. Analysemodellen, som legg hovudvekt på formale kriteria, er ei forståing av estetikken i denne typen arkitektur, men den same tilnærminga ville ikkje gje særleg innsikt i dei vernakulære bustadene (Rapoport 1992). Når ferdighusa eller andre anonyme bustader skal vurderast ut frå dei same kriteria, blir viktige delar av bygga si betyding oversedde.
Diskusjonen om samisk særpreg i bustadarkitekturen reiser såleis spørsmål om å ta i bruk ein analysereiskap for arkitektur som både legg vekt på utforminga av dei bygde strukturane og på det fysiske og sosiale rommet som bygga er ein del av.
Symbolbygg og identitet
Å byggja det nye Sápmi er å markera det samiske samfunnet som ein einskap, skilt ut frå nabokulturane. Til det trengst symbol. Monumentalarkitekturen er veleigna som slike samlande symbol.
«Å byggja det nye Sápmi er å markera det samiske samfunnet som ein einskap, skilt ut frå nabokulturane. Til det trengst symbol. Monumentalarkitekturen er veleigna som slike samlande symbol.»
Bruk av lavvoen og gammen som meiningsberande element i den moderne samiske arkitekturen fokuserer på forskjellar i arkitektoniske former. Eit hovudpunkt har vore, og er, å markera den samiske arkitekturen som noko eige, å signalisera at dette er Sápmi. Som særprega former, som er kjende og ålment aksepterte som samiske, både lokalt og frå storsamfunnet si side, er lavvoen og gammen eigna som markørar10 for samisk arkitektur.
I overgangstida mellom gamme og hus vart gammen sett på som ei buform med lågare status enn trehuset. Dette var ikkje ut frå bygningstekniske tilhøve, men fordi gammen var synonym med ei samisk buform og med fattigdom (Sjølie 2007). Synet på det samiske folket som underlegent dei nordiske spegla seg av i synet på bustadformene (Borgen 1993). Lavvoen kan såleis lesast som eit bilete på den endringa i status som det samiske folket har opplevd; frå å vera stigmatiserte har dei oppnådd status som urfolk med eigne fellesinstitusjonar. Lavvoen og gammen er synlege uttrykk for den nye statusen samisk kultur har oppnådd.
Diskusjonen om den eldre samiske bygningstradisjonen sine avgrensingar som mønster for nyare samiske bygg, har blitt reist i ulike samanhangar. I forprosjektet for det nye hotellbygget i Kautokeino hevdar mellom anna arkitekten at ein samisk bygningstradisjon som kan stå som mønster for store bygningskompleks, ikkje finst.11 Då blir det andre kulturuttrykk som kan gje inspirasjon til ny arkitektur. Lokal materialbruk og dekorativ tradisjon blir framheva. Likeins blir samspelet mellom bygg og landskap, utsyn, lys og sambandet mellom det store uterommet og det avgrensa rommet inne, understreka. Forventningane om samiske former blir likevel til ein viss grad imøtegått. Hotellbygget framstår med mjuke bogeforma vegger og sirkulære søylerekkjer som skaper assosiasjonar til lavvoen, og såleis gjev bygget ein samisk identitet.
Denne sterke fokuseringa på det lokale eller regionale er ikkje særprega berre for nyare samisk arkitektur, men ligg til grunn for ei rekkje stadeigne symbolbygg frå dei siste tiåra.
Arkitektur og synsvinkel
«Kvifor ser me så ulikt på omgjevnadene våre?» spør forfattaren Kjartan Fløgstad (2007) der han sit i Bjørnevatn, i kulde og mørketid, og finn det verdt å bu der, på ein stad der flyktige besøkjande knapt ville finna livskvalitetar.
Kvalitet kan vera knytt til bygningsformer og landskapsrom, men sjeldan til det åleine. At bygget er estetisk utforma, kan vera viktig, men andre kvalitetar, knytte til dei mulegheitene bygget gjev for identifikasjon, tilknyting og samhandling, kan ha vel så mykje å seia. Slike kvalitetar blir synlege for den som lever livet sitt i dette bygget, som brukar omgjevnadene og ser samanhangar. Ein stad sine kvalitetar er «det du berre kan sjå når du ser ut, aldri når du ser utanfrå og inn,» som Fløgstad seier. Å sjå den samiske bustaden innanfrå, er å sjå innhald og meining ved den.
Den framande i dei samiske områda ventar å finna bustader i særprega former, men finn anonyme ferdighus. Det krev innsikt, forståing og tid for å forstå bustaden både som fysisk og sosialt rom, og sjå kvalitetane i den.
Innan arkitekturforskinga har det vore sterk tradisjon for å avgrensa diskusjonen om landskap og bygde stader til ein diskusjon om fysiske element, vurdert ut frå estetiske kriteria. Synsvinkelen er godt eigna for den som ser arkitekturen med eit utanfråblikk. Fortolkaren treng knapt nok vera til stades, har gjerne berre ytre kjennskap til bygg og busetnadshistorie, har ikkje lese slektsbøkene12, veit lite om dei sosiale banda i dag, eller om kva staden betyr i kvardagen til folk.
Anthony Giddens (1984) tek eit anna utgangspunkt for å forstå ein stad. Menneske og deira samhandling konstituerer staden, og det er dette sosiale handlingsrommet ein må forstå for å forstå ein stad. Ein liknande tilnærmingsmåte er brukt også innanfor fagemnet vernakulær arkitektur, der mellom anna Amos Rapoport (1990) fokuserer på sampelet mellom menneske og dei bygde omgjevnadene, og peikar på busetnadsmønsteret som eit viktig utslag av dette. Busetnadsmønsteret er ein kjerneverdi i kulturen, seier han. Det speglar kulturen i sterkare grad enn enkeltbygg. Det er seigare og held seg lenger enn til dømes utforminga av bygg gjer.
Slektstuna i Kautokeino og Tysfjord er synlege uttrykk for at tradisjonelle trekk lever vidare i bustadfelt og ferdighus. Slektstuna, som er baserte på ei sams historie, på eit arbeidsfellesskap og på ansvar for framtida, konstituerer dei samiske gruppene i det norskdominerte Tysfjord, og det konstituerer Kautokeino som ein stad. Organisering av slektstun og rom seier meir om den samiske bustaden enn det formelement og stil gjer.
Bygde og brukte rom
Dagens samiske bustad er første generasjons bustad i eit regulert område. For enkelte i den eldste generasjonen er det første faste heilårsbustad. Det er buplassen på vidda, det er småbruket ved fjorden, det er reindrift og haustingsbruk som har flytta inn i bygda eller tettstaden. Dei tette banda til sjølvbergingshushaldet pregar bustaden også i dag.
Den urbane middelklassen si måte å organisera og bruka bustaden på, er ei norm som blir utfordra i samiske bygder. Det vil seia: Det er den sentrale normen, nedfelt i nasjonale standardar, med eit syn på bustaden som ein velordna plass for opphald og rekreasjon, som blir utfordra. Den samiske bustaden er sjølvsagt ein plass for opphald og kvile, men den er også eit viktig rom for dei mange og skiftande gjeremåla som tek plass inne som ute. Bruken speglar dei tette banda mellom næring, landskap og kultur.
«Plassen sin identitet blir skapt gjennom desse skiftande aktivitetane. Den er ikkje først og fremst knytt til hus eller andre byggverk, men til dei ulike handlingane som tek plass i rommet.»
Det er denne kreative og aktive måten å bu og markera eigen identitet på som arkitekten og planleggjaren James Rojas (1993) i sitt arbeid frå austkanten i Los Angeles har kalla «the enacted environment.» Uterommet og det livet som tek plass der, blir vesentleg å forstå for å forstå bustaden. Uterommet framstår som eit bakteppe der skiftande aktivitetar tek plass. Det er ikkje eit ferdig utstyrt og møblert rom; rommet er fleksibelt og gjev mulegheit for stadig ny bruk. Plassen sin identitet blir skapt gjennom desse skiftande aktivitetane. Den er ikkje først og fremst knytt til hus eller andre byggverk, men til dei ulike handlingane som tek plass i rommet, eller som Rojas seier det, «identity is not built, it is enacted».
Ulike tradisjonar for utforming av bustaden og uterommet eksisterer. Her er forskjellar knytte til ulike sosiale, økonomiske eller kulturelle grupper. I den samiske diskusjonen blir desse forskjellane ofte avgrensa til eit spørsmål om etnisk tilknyting, medan spørsmålet om tilknyting til næring, sosial eller økonomisk gruppe blir underkommunisert. Tradisjonen med å kombinera bustad og arbeidsplass blir såleis ofte trekt fram som ein særprega samisk tradisjon. Mønsteret pregar heilt klårt mange samiske busetnader, men er også å finna i norske bygder, særleg i miljø med stort innslag av sjølvstendige verksemder.
I Los Angeles, Tysfjord og Kautokeino handlar det om det same: å kunne forma eigne omgjevnader og inkludera viktige trekk frå fortida i samtida. Slik blir uterommet ein møteplass mellom tradisjon og modernitet, eller som folk i Kautokeino seier det, bustaden er «samisk ute og norsk inne.»
- Sápmi, på norsk Sameland, namn på det geografiske området samane tradisjonelt har vore busette i, det vil seia nordområda i Noreg, Sverige og Finland, i tillegg til Kolahalvøya i Russland.
- Det finst ikkje eit eksakt oversyn over den samla samiske folkesetnaden. Folketeljingane frå 1950 og fram til i dag i Noreg opererer ikkje med etniske kategoriar.
- Talet for Kautokeino er ekstra høgt, dette på grunn av brenninga i 1944 og den lange og delvis mislykka gjenreisinga som følgde etter krigen.
- I Kautokeino kommune i Finnmark har til dømes 80 prosent av bustadreisinga etter 1970 skjedd innan regulerte strøk. Tysfjord kommune i Nordland planla med 75 prosent utbygging i regulerte bustadfelt for 1990-talet. Kjelde: Kommuneplan for Kautokeino, arealdelen, 01.10.92, Tysfjord kommuneplan, ikkje datert, men omfattar planperioden 1988–95.
- Undersøkingane eg viser til, er datainnsamling gjort i samband med eit doktorgradsarbeid i perioden 2000–2003 i Kautokeino, og seinare eit post doc- prosjekt i Tysfjord frå 2005 til 2008.
- Siida, samisk ord for reinby, teltby, bustad, heim. Ofte brukt om bu- og arbeidsfellesskap innan reindrifta. Siida er såleis eit uttrykk både for eit fysisk fellesskap og for ein organisatorisk einskap.
- Det samla folketalet i kommunesenteret er om lag 2000. Dei bur i dei vel 550 husværa som finst der. Dei fleste av desse husa ligg i regulerte felt. Inne i desse felta finst ikkje berre tilfeldige tomter på rekkje og rad. I underkant av 40 slektsgrupper ligg spreidde i dei ulike byggefelta. Når kvar av familiegruppene inneheld mellom fire og seks husvære, medfører det at rundt rekna ein tredjedel av folkesetnaden her bur i såkalla slektstun. For vidare opplysning, sjå«Slektskart» for Kautokeino, i Skålnes (2003). Slektskartet vart laga i samarbeid med tilsette på teknisk etat i 2002, revidert i 2007.
- Kyrkja er teikna av arkitektane MNAL Østbye, Kleven og Almaas.
- Også dette bygget er teikna av arkitekt Stein Halvorsen.
- Etnisk markør; former som skil seg ut frå nabokulturane sine bygningsformer, og som såleis er eigna til å signalisera tilknyting til ein spesiell kultur. Sjå Fredrik Barth (1995) «Nye og evige temaer i studiet av etnisitet,» i Barth: Manifestasjon og prosess. Oslo: Universitetsforlaget.
- Jfr.beskrivinga «Nytt hotell i Guovdageaidnu. Skisseprosjekt. Oppdragsgiver: Centrum Eigedom AS. Arkitekt: Arkadia –15.10.04».
- I fleire av dei samiske kommunane, til dømes Tana, Kautokeino og Karasjok, er det laga slektsbøker. Bøkene viser eit fullstendig oversyn over (dei samiske) slektene som bur og har budd i desse kommunane. Bøkene er svært utbreidde; dei finst i dei fleste heimane, på offentlege kontor, helsesentra og liknande. Den flittige bruken av bøkene viser den sterke stillinga slekta har i dei samiske samfunna.
Borgen, Kjell (1993) «Den samiske gård,» i Fortidsvern 3-1993. Oslo: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring
Fløgstad, Kjartan, Hermansen, Siri (2007) Pyramiden. Portrett av ein forlaten utopi. Oslo: Spartacus
Giddens, Anthony (1984) The Constitution of Society. Outline of the Theory of Structuration. Cambridge: Polity Press
Haugdal, Elin «Ny monumentalitet i nord» i Hage, Ingebjørg, [et al.] (red.) (2007) Arkitektur i Nord- Norge. Bergen: Fagbokforlaget
Hayden, Dolores (1995) The Power of Place. Urban Landscape as Public History. Cambridge, London: The MIT Press
Rojas, James T (1993) «The Enacted Environment of East Los Angeles», i Places Vol 8, Spring 1993
Rapoport, Amos (1982) The Meaning of the Built Environment. A Nonverbal Communication Approach. Tuscon: • The University of Arizona Press
Sjølie, Randi2007) «Fra gamme til trehus», i Hage, Ingebjørg, [et al.] (red.) (2007) Arkitektur i Nord- Norge. Bergen: Fagbokforlaget
Skålnes, Sunniva (2003) Bustad og beiteland, Dr.ing.-avhandling Trondheim: NTNU - Institutt for byforming og planlegging
Skålnes, Sunniva (2004) Det samiske slektstunet, i Andreassen, L. M. (red.) ð Nr. 5-2004. Kautokeino: Sámi Instituhtta/Nordisk samisk institutt
Werne, Finn (1987) Den osynliga arkitekturen. Lund: Vinga Press AB
Sunniva Skålnes er utdanna arkitekt med doktorgrad frå NTNU. Artikkelen er skriven i samband med eit post doc.-prosjekt tilknytta samisk høgskule/nordisk samisk institutt i Kautokeino. Sunniva Skålnes arbeider no som seniorrådgjevar på sametinget.
Artikkelen er vitenskapelig vurdert av forskere utenfor redaksjonen.
Contemporary sami architecture
By Sunniva Skålnes
Our image of the built environment of the Sami territories in the far north is dominated by two preconceptions: on the one hand the image of particular structures like turf huts and the lavvo, the Sami tent, and the reinterpretation of these structures in new public buildings like the Sami parliament building in Karasjok, and on the other hand the spread of anonymous suburban housing that at first glance have no Sami characteristics. Both these conceptions are true, spanning from a low-key attitude to everyday life to the symbolism of monumental architecture, but both are incomplete.
This article discusses the particularities and the familiar traits of Sami architecture and their development. Modern Sami settlements are in fact challenging the way the urban middle class organise and use their domestic environment. A Sami dwelling contains the familiar domestic functions, but in addition it is the setting for a number of other activities, related to both working and an extended social life; the outdoor areas in particular give room for an active and creative way of life. And it is these activities, rather than the static elements of buildings and furniture, that give the places their identity; the structures that bind the Sami settlements together are social, not physical.
Sunniva Skålnes is an architect and researcher, and senior advisor to the Sami Parliament.