Den – Hiet på Vedahaugane
Nasjonale turistveger / Hiet på Vedahaugane
Arkitekt:
LJB AS
- Ferdigstilt: 2012
- Adresse: Aurlandsfjellet, ved grensa til Lærdal
- Oppdragsgiver: Statens Vegvesen, Turistvegseksjonen
- Arkitekt: LJB AS
- Medarbeidere: Lars J. Berge, landskapsark. MNLA
- Landskapsarkitekt: LJB AS
- Landskapsarkitekt medarbeidere: Lars J. Berge, landskapsark. MNLA
- Konsulenter: NODE AS (RIB), ASPLAN VIAK AS (RIS)
- Medarbeidere: Giulio D. Marchesi, ark. (DEN-fase) ; Ziva Jelnikar, landskapsark. (forprosjektfase)
- Kunstner: Mark Dion
- Brutto areal: 400 kvm parkering, 110 meter gangveg, 30 meter benk, 25 kvm bygning
- Fotokreditering: Statens Vegvesen v/ Steinar Skaar, Roger Ellingsen og Bjørn Andresen, Eugenio Marchesi, Lars J. Berge, Guri Dahl.
I bakkane frå Lærdal opp mot Aurlandsfjellet, i det storslagne møtet mellom to dalar, ligg Vedahaugane, nett over tregrensa og med framifrå utsikt til Hurrungane i det fjerne. Her har Lærdølene kvilt på veg til fjells eller på jakt i uminnelige tider. Då ”Snøvegen” vart vedteken som turistveg vart det avgjort å bygge ei stopplomme og ei utviding av vegen her. Det vart snart klart at dei beste kvalitetane fann ein om ein kom seg litt vekk frå vegen og ut i terrenget. Her opnar det store landskapet seg, og her gjev den rike vegetasjonen og mikrolandskapet ein flott kontrast.
Rasteplassen
Tanken var å gjere så lite som mogeleg, ikkje røre terrenget meir enn høgst nødvendig, og inngrepet, eller tillegget, skulle vera reversibelt.
Utsiktsplassen vart bygd som ein betongsti 90 meter ut i landskapet. Runde søyler midt under dekket minimerer det fysiske fotavtrykket. Gangbanen har ein presis geometri, dei to boga linjene er nøye tilpassa landskapsformene. Ein 25 meter lang benk har plass til ei busslast med turistar, eller god plass til mindre grupper. Så stoggar gangbanen tvert, som ein invitasjon til å gå vidare ut landskapet.
Kunstverket
Seinare vart det avgjort å knyte eit kunstverk til Vedahaugane. Den amerikanske kunstnaren Mark Dion står bak installasjonen ”Den – hiet på Aurlandsfjellet”. I diskusjonen om lokalisering og formgjeving, krav til tilgjenge og ikkje minst ynskjet om å verne om utsikten, vart ein samde om å forlengje gangbanen og byggje kunstverket som eit rom under bakken. Det endra stoppestaden – der ein før vart leia ut i landskapet, vert ein no leia inn i hiet. Der inne ligg ein kunstig bygd bjørn på en haug av gjenstandar samla frå mange land og tidsepokar, presentert som eit diorama bak ein glasvegg.
Det er lagt mye arbeid i å byggje overgangen mellom den svevande stien ute og banen som leiar inn i hiet så mjuk og ”natur-lik” som råd. Ein lyt bøya seg når ein går inn i mørket, inn i ura mellom dei store steinane. Der inne finn ein den sovande bjørnen, med dagslyset sivande ned ovanfrå gjennom ein slags ljore. Bjørnehiet er bygd i betong, det er kondensisolert og har velfordelt naturleg ventilasjon. Og bjørnen ser ut til å trivast; han har ikkje vakna enno.
Den at Vedahaugane, Aurland
Landscape architects: LJB AS
Vedahaugane has been a rest stop on the trip across these mountains from time immemorial. The 90 metre concrete path leads from the parking area over to the best views of the grand landscape. The intention was to do as little as possible, and for all construction to be reversible. The path and the 25 metre long bench are supported off the ground on poles.
After completion, the artwork “Den” by American artist Mark Dion was added as an extension to the walkway. “Den” consists of an underground cave where an artificial bear sleeps on top of a heap of objects from many periods and places.